Børtveit Kraftstasjon

REHABILITERING AV BØRTVEIT KRAFTSTASJON
– EI SKIKKELEG ROTFYLLING
Av: Bodil Øyre

I dagens ordbruk er Børtveit eit småkraftverk. Det har ein installerteffekt på 2 MW og middel årsproduksjon på 8 GWh. Det vart bygd av Stordø Kisgruber som kunne slå på straumen i 1922. Gruveselskapet var då tvungne til å starte vasskraftutbygging som fylgje av kolmangel skapt av fyrste verdenskrig. SKL kjøpte kraftverket etter nedlegginga av gruvedrifta i 1986.

I nokre våte sommarmånader har tre karar frå firmaet Smørholm AS rehabilitert Børtveit kraftstasjon. På synfaring overleveringsdagen 27. september kom det eit lite hjartesukk frå ein av karane. "Folk veit ikkje kor mykje arbeid som ligg bak", dei trur berre vi har målt. Då kan me her fortelje at Børtveit kraftstasjon har fått ei skikkeleg rotfylling!

Børtveit kraftstasjon ligg på austsida av Stord, nesten i fjøra ved Langenuen. Av fasadeteikningar av arkitekt S. Lunde og planteikningar av ingeniør G.E. Bonde ser me at bygget vart prosjektert i 1921. Konstruksjonen er utført som engelsk hulmur, dvs to lag vegger mot kvarandre med ei luftspalte mellom. For ca 8. kvart skift er det galvaniserte båndjern. I krune og over vindaugo og dører er det ståldragarar. Utvendig er bygget avretta med puss.

Sjølv om bygningen opp gjennom tida er blitt måla, etterkvart alderen og vestlandsveret sett sine spor. Pussen skalla av og det var sprekker i muren. Ståldragarane og vindaugo var begynt å korrodere, og dører og vindaugo av tre såg forfalne ut. Enkelte soleplater og takstein var knust. Skadane var så omfattande at forfallet ville auke i akselererande tempo om ikkje noko vart gjort.
I desember 2005 vart Smørholm forespurt om å lage ei tilstandsbeskriving  av bygget, dvs vurdere skadeomfang, årsaker og forelå nødvendige tiltak. Dei gjorde ei omfattande tilstandsanalyse, der dei konkluderte med at skadeårsak generelt skyldast korrosjon på ståldragarar som fylgje av karbonatisering. Det vart og tatt prøver for å bestemme kloridinnhald i betongen. Prøvene var akseptable og det vart utelukka som skadeårsak.

Karbonatisering er ein prosess der kullsyre CO2 diffunderer inn i betong⁄ mur og reagerer kjemisk med kalsiumhydrooksyd i betongen, og det vert danna kalsiumkarbonat. Prosessen fører til reduksjon i betongens pH<12,5 til ca 9. Han vil då ikkje beskytte stål⁄ armering mot korrosjon.

Smørholm rådde til realkalisering i kombinasjon med mekanisk reparasjon. Realkalisering er ein elektrokjemisk metode for å transportere alkalier inn i betongen ved hjelp av likestraum. Den karbonatiserte betongen sin pH–verdi aukar slik at oksidfilmen som beskyttar armeringa mot korrosjon, blir reetablert og korrosjonen stoppar.

Arbeidet med kraftstasjonen starta i juni. Gammal maling vart fjerna med kalkblåsing. Øydelagt puss og mur vart meisla, riss og sprekker vart slissa opp før såra vart pussa att.. Så vart ståldragarane realkalisert ved at dei monterte armeringsmatter på veggen som dei sprøyta med cellulosemasse. Cellulosen vart fukta med alkalier før dei sette på straum slik at alkaliane vandra inn i betongen. Til sist vart utvendig fasade pussa med tynnpuss. Vindaugo og dører er skrapa og målt, og det er lagt skifer i trappa.

Børtveit kraftstasjon har fått forlenga levetid, kanskje med nye dryge 80 år?

Artikkelen er skrevet av Bodil Øyre, SKL Produksjon




Smørholm, Sentrumsgården, 6490 Eide. E–post: firmapost@smoerholm.no Telefon: +47 957 86 888
Løsningen er utviklet av Intellicom ⁄ Design: Blueroom Designstudio